Til seneste kommentar

Bedriftskonto - spørsmål vedr. individuelt valde betalingsmåtar

Den samla bruken på vår bedriftskonto har så langt blitt fakturert etterskotsvis, og eg gjeng ut ifrå at det vil halde fram slik sjølv etter overgangen til ny platform/app.

I den nye appen, under Min profil → Betalingsdata, er det imidlertid mogleg for dei einskilde sjåfør/medbrukar å leggje inn kredittkortbetaling.

Eg har nokre spørsmål til kva det er som eigentleg vil skje om ein (eller fleire) av våre medbrukarar legg inn sine kredittkort-detaljar her:

1. Vil ALL bruk på bedriftskontoen vår verte belasta dette kredittkortet, eller
2. Vil alle reservasjonar tilhøyrande den individuelle medbrukaren (men ikkje øvrige medbrukarar sine) verte belasta kredittkortet, eller
3. Vil medbrukaren kunne velge om kvar individuelle reservasjon skal verte belasta kredittkortet eller via bedriftskontoen sin samlefaktura, idet reservasjonen vert oppretta?

Alternativ 3 hadde vore kjempefint, så om ikkje det allereie er tilfelle vil eg gjerne registrere dette som eit ønske til ny funksjonalitet. Me tillet våre medbrukarar å bruke Bilkollektivet privat mot trekk i løn. Dette skapar imidlertid ein del meirarbeid for vår økonomiavdeling, då dei kvar månad må manuelt gå gjennom fakturaen og summere opp privat bruk for kvar einskild tilsett/medbrukar, for så å leggje inn eit lønstrekk for dette beløpet. Det hadde difor vore svært fint å kunne instruere våre medbrukarar til å betale private reiser med privat kredittkort, og kun belaste samlefakturaen med tenestereiser.

Eit anna ting eg stussa over er at det òg er mogleg å leggje inn SEPA-betaling i appen (i staden for kredittkort). Såvidt eg skjønar er SEPA noko som kun kan brukast for trekk i euro (og kun frå konti som førast i euro). Gitt at de normalt tek dykk betalt i norske kroner, verkar dette litt pussig. Meinte de eigentleg å opne for SEPA-betaling i ny app?
Tore Anderson Anmeld upassende innhold

Kommentarer

  • Hei Tore

    Det skal være mulig med samlefaktura for bedriften. Jeg venter tilbakemelding fra systemleverandøren om dette vil skje automatisk dersom man ikke legger inn kort, eller om det må settes opp på andre måter (nytt for oss også)

    Alternativ 3 er på plass! Medbrukere kan nå legge inn egne kort, og ved hver reservasjon velge om turen skalbelastes eget kort eller bedriften.

    Det med SEPA er ikke en funksjon vi har, så skulle ikke vært synlig i appen. Jeg har bedt utviklerne om å fjerne dette.
    Haakon
  • Eg prøvde no å leggje inn mitt private kredittkort i appen (det gjekk bra), men eg kan ikkje sjå at eg får noko val om eg ønskjer å bruke dette eller samlefaktura for å betale ein reservasjon.

    I det første steget står det berre «…Faktisk kostnad vil bli beregnet etter avslutning av reservasjon og vil bli trukket fra betalingskilden som er lagret av Redpill Linpro MS AS v/Tore Anderson». Denne teksten er uendra frå før eg la inn mitt private kredittkort. Så det ser ikkje ut som alternativ 3 fungerer heilt for meg akkurat no, eller har eg oversett noko?
    Tore Anderson
  • Hei. Da har jeg fått svar fra systemleverandøren.
    Det fungerer slik: Om du legger inn kredittkort på bedriftskontoen, så vil alle "bedriftsreservasjoner" trekkes fra kortet. Om du ikke legger inn noe betalingskort, så vil reservasjonene overføres til økonomisystemet for månedlig fakturering.
    Haakon
  • Men det er jo noko fullstendig anna enn «Alternativ 3»…

    Eg la inn mitt private kredittkort på min sjåførkonto etter å ha lest ditt førre svar. Tanken var å kunne velge å betale private reservasjonar med dette, men la tenestereiser verte belasta bedriftskontoen sin samlefaktura (som før).

    Skjønar eg det du no skriv korrekt, så vil no alle reiser – inkludert tenestereiser – verte belasta mitt private kredittkort? Gjeld det òg reservasjonar som vert gjort av andre sjåfør-konti tilordna vår bedriftskonto?

    I så fall – slik kan eg opplagt ikkje ha det. Eg skal jo ikkje betale for tenestereiser privat, og eg skal iallfall ikkje betale privat for mine kolleger sine reiser. Men det ser ikkje ut til at eg får fjerna kredittkortet mitt igjen, får berre opp ei feilmelding «det er ikke mulig å fjerne den siste betalingsmåten».

    Kva gjer eg no?
    Tore Anderson
  • Hei Tore.

    Vi oppdaget nå at denne funksjonen der man kan velge mellom bedrift og privat når man reserverer ikke var blitt aktivert ennå. Men den vil aktiveres snarlig. Du vil da få opp valget i appen når du reserverer.
    Haakon
  • Korleis gjekk det eigentleg med aktivering av denne funksjonen? Eg ser framleis ingen stad i reservasjonsprosessen der våre medbrukarar kan oppgje at ei reise er privat og skal betalast med privat kredittkort. Må det endrast på noko inne i teamadministrator for at den skal verte synleg?
    Tore Anderson
  • Hei tore. Den skal ektiveres hvert øyeblikk. Vi ønsket bare at "bedrift" skulle komme opp som standard, istedetfor "privat" slik det er nå. Dette utvikles nå, og vil lanseres hvert øyeblikk.
    Haakon

Kommenter eller skriv et nytt innlegg

Ditt navn og innlegg er synlig for alle. Din e-post vises aldri offentlig.