Til seneste kommentar

Appen viser av og til ikkje bilar som er ledige i reservasjonskalenderen

Eg har lagt merke til at appen av og til ikkje viser bilar som reservasjonskalenderen i nettlesaren seier er ledige. Eg trur dette må vere ein bug.

Til dømes, i skrivande stund (17. feb kl 19.45) viser reservasjonkalenderen at EB36396 i Sandakerveien 76A er ledig i heile dag:



Men om eg opnar appen og søker etter bilar (alle kategoriar) på denne adressa i eit tidsrom som denne bilen 17.02. 20:00 - 17.02. 22:00, så vises det ikkje noko bil-ikon i det heile teke, appen finn ikkje bilen:



Om eg derimot prøver å justere litt på tidspunktet eg søker i, t.d. 17.02. 21:00 - 17.02. 22:00, så dukkar den plutseleg opp:



Den einaste endringa eg gjorde for å få den til å dukke opp var altså å fjerne tidsrommet mellom kl 20 og 21 frå reservasjonsperida eg søkte etter – eit tidsrom då bilen uansett var ledig. Kvifor dette skulle få den til å forsvinne frå kartet skjønar eg ikkje.

Ein anna bug ser ut til å vere avstanden som vert vist i appen, den trur eg er 3,8 km unna. Dette stemmer ikkje, som de kan sjå av den blå "meg"-prikken er eg berre nokre få hundre meter unna i luftlinje.

Tore Anderson

Kommentarer

  • Hei Tore,

    Tusen takk for at du hjelper oss med å gjøre appen og systemet bedre!
    Ja, vi har hatt noen bugs mpt hva som vises og når, og særlig I-Pace har vi observert. Utviklerne har vært på saken, mener det skal være utbedret nå, bare si fra om du ser noe liknende igjen!
    Magnus Edvardsen

Kommenter eller skriv et nytt innlegg

Ditt navn og innlegg er synlig for alle. Din e-post vises aldri offentlig.